Huang Yong Ping: Colosseum

Liv Astrid Thue, butikk- og kunstklubbassistent på Astrup Fearnley Museet, velger seg Huang Yong Pings Colosseum fra 2007.

Liv Astrid Thue

På arbeidsbordet på heimekontoret mitt står det ein grøn plante i ei rustikk leirkrukke. Den er ikkje den mest staselege planten eg har sloppe innomhus, men definitivt den mest robuste og intellektuelle.

Huang Yong Ping, Colosseum, 2007 (Foto: Christian Øen)

Mitt fyrste møte med den kinesisk franske kunstneren Huang Yong Ping sine installasjonar, var separatutstillinga hans på Astrup Fearnley Museet i 2008. Ein enorm keramikkversjon av amfiteateret Colosseum ruva imot meg i utstillingssalen. Overgrodd av grøne vekster, hadde naturen teke kontroll over det forlatte byggverket og var i ferd med å gradvis presse det ned til ruinar. Hadde denne maktarkitekturen, det ultimate symbolet for imperialistisk idealisme og blodige gladiatorkampar, vorte forvandla til ein gedigen idyllisk planteholdar? Stoveplantene framsto som monstrøse kjempar i det nedskalerte ikonbygget. Skjøre vekster, med røter som med tida kan flytte hus, knuse stein – og sivilisasjonar.

Oppvaksen på det ville vestlandet, hadde eg både tid og mogelegheit til å sondere ein og annan forlatt sveitservilla med bjørketre gjennom taket. Nokre av dei same spørsmåla kom til overflata i det eg sirkla inn dette framande objektet og keik inn gjennom holromma i muren. Kva slags historiar og hendingar kan desse murane vitne om?

Eg har vore så heldig å ha vore i kulissane til oppbyggjing og demontering av Colosseum to gonger. Bit for bit vart eit imperium reist. Keramikk, jord og planter vart pusla saman med arkeologisk tolmod, for deretter å bli demontert i motsatt rekkjefølge. Eg har fått overta ein liten skatt frå ruinane; ein sta liten plante som gradvis har vakse seg større og sterkare. Plassert i ei rustikk keramikkrukke, i respekt for sitt tidlegare habitat, er den skuffande taus med svar på eventuelle store spørsmål den kan sitte inne med.

Huang Yong Ping, Colosseum, 2007 (Foto: Christian Øen)

__________
VERKENE VI VELGER

Er de vi som velger verkene, eller er det verkene som velger oss?

Stort sett er det museets fortelling om verkene i Astrup Fearnley Samlingen som formidles, den kunsthistoriske fortellingen. Men vi vet at alle verk har ulik betydning for de som opplever dem og at et verk rommer mange historier.

Vi har bedt en rekke ulike personer om å velge seg et verk i samlingen som betyr noe for dem og i tiden fremover vil vi poste deres historier om verkene de har valgt.

Har du et verk som betyr noe for deg? Send oss din historie til info@afmuseet.no, som vi kan dele på nettsiden, eller på våre sosiale medier under #verkenevivelger